Helsefagarbeidar, helsefagleg student m.m

Arbeidsgiver
Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar, studentar m.m
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ledig ei fast stilling i 32 % kvilande nattevakt. Stillinga inngår f.t. i turnus med arbeid kvar 3. helg. Tilsetting er ønskeleg så snart som mogleg.

Nattevaktene er organisert i eit team med to tilsette på vakt, ei kvilande og ei aktiv. Teamet skal arbeide ved døgnseksjonen på natt, og er organisert med at den aktive vakta er vaktansvarleg. Turnusen er f.t. lagt opp med ca. 1 veke fri mellom kvar arbeidsperiode.

TSB langtidsdøgn Molde er ein døgnseksjon i Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande.

Langtidsdøgn har 15 sengeplassar. Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med legale og illegale rusmiddel, ofte med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med følelsesregulering og traumelidningar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg samansett og inkluderer legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning.

Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten og har de siste årene implementert traumebehandling (Narrativ eksponeringsterapi) og DBT ( Dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innbefattar gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptatt av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnere for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

Nattevaktsteamet skal:

  • Vere tilstade og ha kontroll over innlagte pasientar
  • Ha tilsyn, kontroll og vurdering av behov for ytterlegare helsehjelp
  • Tilrettelegge og utøve legemiddelhandtering
  • Dokumentere i journal ved spesielle hendingar
  • Ivareta sikkerheita på avdelinga om natta
  • Utøve forefallende rutinearbeid
  • Ivareta tryggheit og sikkerheit for kvarandre. Kvilande nattevakt skal vekkast og hjelpe til i situasjonar der det er behov.

Kvalifikasjonar

  • Vidaregående utdanning innanfor helse og sosial eller anna relevant utdanning
  • Ønskjeleg med erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god relasjonsbyggar
  • Du er trygg, ansvarsbevisst og positiv
  • Du har god skriftleg framstillingsevne
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du er god til å samarbeide men kan samstundes jobbe godt sjølvstendig
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
  • Internundervisning, rettleiing, eigne fagdagar og personalseminar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, 71219800, Ann.Kristin.Lillebostad.Hovden@helse-mr.no

Øyvind Dahl Indbjør, Ass. seksjonsleiar, 71219800, oyvind.dahl.indbjor@helse-mr.no

Arbeidssted

Glomstuvegen 50

6411 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4837245200

Stillingsprosent: 32%

Fast

Søknadsfrist: 19.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Glomstuvegen 50, 6411 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
360914119
Sist endret
12. juli 2024 06:22