Funksjonsassistent

Arbeidsgiver
Emblem skule
Stillingstittel
Funksjonsassistent
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Emblem skule er ein ny og flott barneskule med om lag 200 elevar. I januar 2023 flytta elevar og tilsette inn i lyse, flotte lokalar med gode spesialrom, bibliotek, amfi og eit ope hjarterom midt i bygget. Alle trinn har fine areal med klasserom, grupperom og fellesareal som gir rom for ulike typar læringsaktivitetar.
Vi har ein stor idrettshall, og eit uteareal som gir rom fysisk aktivitet, leik og variert undervisning.
Skulen ligg nært skog, sjø og fjell. Om vinteren er det oppkøyrde langrennsløyper rett ved skulen.

Vi har ledig ei midlertidig stilling som funksjonsassistent i 40 % for ein av våre tilsette. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til vedkomande sitt behov for praktisk hjelp i løpet av undervisningstida.

Det kan også vere at du i tillegg til arbeidet som funksjonsassistent kan få tilbod om å vere vikar i skule og SFO.



Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand i samband med undervisning
  • Hente bøker og anna utstyr
  • Kopiering
  • Leite fram utstyr og materiell

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du er imøtekommande og positiv
  • Du er hjelpsam
  • Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine

Vi tilbyr

  • Positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Engasjerte kollegaer
  • Ålesund sin nyaste og flottaste barneskule med fleksible undervisningslokale og ein flott fleirbrukshall
  • Nærleik til skog, fjell og sjø

Kontaktinformasjon

Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, +47 70 16 51 01

Arbeidsstad

Markastien 15

6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4837325389

Stillingsprosent: 40%

Engasjement

Startdato: 19.08.2024

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Markastien 15, 6013 Ålesund
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
360914717
Sist endret
12. juli 2024 06:35