Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Gjerdsvika barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune søker pedagogisk leiar til 100 % fast stilling frå 01.09.2024, eller etter avtale. Kommunen har fem barnehagar lokalisert ved Gjerdsvika, Larsnes, Haugelia (Gursken), Kvamsøya og Sandsøya. Vi har ledig 100 % fast stilling i Gjerdsvika barnehage.

Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Barnehagane vil i samarbeid med heime gje borna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra borna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei tilsette skal jobbe for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, rettleie og gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid på di avdeling
  • Saman med kollegaer skal du skape eit godt miljø for leik og læring.
  • Saman med kollegaer skal du delta i leik, ute og inne.
  • Bidra til god dialog og samarbeid med foreldre

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Rettleiingskompetanse
  • Spesialpedagogisk kompetanse, eller erfaring frå spesialpedagogisk hjelp er ynskjeleg.
  • Kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og kreativ
  • Du har lyst til å lære frå deg, men har også lyst til å lære sjølv
  • Du tek initiativ til samspel og aktivitet
  • Du samarbeider godt med kollega
  • Du er tydeleg og trygg i vaksenrolla
  • Du er påliteleg og inkluderande

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og arbeidserfaring.

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit positivt og inkluderande miljø
  • Fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommuna
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
  • God pensjonsordning

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista vert offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Dybvik-Hide, Einingsleiar, 91171324
Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Arbeidsstad

Gjerdsvikvegen 373
6083 Gjerdsvika

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 4838268298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Gjerdsvikvegen 373, 6083 Gjerdsvika
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
360918477
Sist endret
12. juli 2024 09:37