Overlege ved avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege ved avdeling spesialisert psykosebehandling
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029. Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder et ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/ utviklingshemming og psykoselidingar).

Avdeling spesialisert psykosebehandling har nå ledig ein fast overlegestilling og eit 6 mnd vikariat. Deler av den faste overlegestillinga skal være knytt til arbeide i UUP-teamet.



Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av psykosepasientar i tverrfagleg team
  • Vere fagleg ansvarleg for vedtak for pasientar på tvungen psykisk helsevern
  • Vere pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling
  • Rettleiing av legar i spesialisering
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap for alle yrkesgrupper
  • Samarbeid med andre relevante avdelingar i og utanfor sjukehuset
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta og tverrfagleg arbeid i psykisk helsevern
  • Erfaring frå klinisk arbeid med psykosepasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du skapar gode relasjonar og samhald
  • Du er inkluderande og involverande
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du arbeider planmessig og strukturert
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet

Vi tilbyr

  • Eit aktivt kompetanseutviklingsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, +47 55958580

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4835683727

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege / Psykiater, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
360929335
Sist endret
12. juli 2024 11:51