Inaktiv

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Helse Bergen ved Seksjon for samhandling søkjer rådgjevar i 100 % stilling.

Vi har ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for samhandling. Seksjonen er organisatorisk plassert under viseadministrerande direktør. Seksjonen arbeider breitt med tilrettelegging og støtte til samhandling og samarbeid både internt og ut mot kommunane. Dette er samhandling både knytt til dialog, avtalar, retningsliner og der digital samhandling har ein sentral plass.

Den som blir tilsett vil være rådgjevar med generelle samhandlingsoppgåver og eit særskilt ansvar for digitale løysingar knytt til samhandling, desse arbeidsoppgåvene vert løyst i tett samarbeid med Seksjon for e-helse.

Til denne stillinga treng vi deg som er oppteken av samarbeid og samhandling på tvers av profesjonar og tenestenivå og som har kunnskap og interesse for digitale løysingar.

Arbeidsoppgåver

Rådgjevar i seksjonen

“Samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta er avgjerande for at vi skal oppnå gode pasientforløp og effektiv utnytting av dei samla ressursane som blir stilt til rådigheit for helse- og omsorgstenesta”.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å:

  • Gje råd og rettleiing om samhandling
  • Undervise
  • Utarbeide, implementere og vedlikehalde prosedyrar
  • Identifisere samhandlingsutfordringar og setje i gang tiltak
  • Bidra i samhandlingsarbeid i seksjonen

Digital samhandling
Digitale løysningar i samhandling er viktige, og naudsynte for å leggje til rette for god og effektiv kommunikasjon og informasjonsflyt mellom alle aktørar i pasientforløpet. Sjukehuset har i lang tid mellom anna kommunisert med primærhelsetenesta ved bruk av Pleie og omsorgsmeldingar. Det er store forventningar til å ta i bruk endå fleire digitale løysingar i samhandlinga og vi har ein marknad i stadig utvikling. Dømer på dette er Pasientens legemiddelliste (PLL) og deling av informasjon gjennom Kjernejournal.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å:

  • Være føretaket sin ressurs knytt til pleie- og omsorgsmeldingar
  • Delta i aktuelle arbeidsgrupper, både lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Delta i Seksjon for e-helse sitt team for Digitale helsetenester
  • Gje opplæring og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse, sosial- og omsorgsfag
  • Kjennskap til både spesialist– og kommunehelsetenesta
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse og interesse for utvikling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • God på samarbeid og kommunikasjon
  • Evne til å bygge og ivareta relasjonar
  • Strategiske og analytiske eigeneskapar
  • Strukturert med god gjennomføringsevne
  • Vera fleksibel og finne løysingar saman med andre
  • Evne til å stå i utfordringar og takle stress

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Ein viktig og interessant jobb med tett samarbeid med Brukarutvalet, ulike avdelingar i føretaket og med kommunane


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.


    Mangfaldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Grete Lill Hjartnes, Seksjonsleiar, +47 47234918

    Anne Kristin Paulsen, Spesialrådgjevar, 97653736

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen



    Referansenr.: 4837776856

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 11.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
    Stillingsfunksjon
    Rådgivning, Ledelse, Prosjektledelse
    FINN-kode
    360931686
    Sist endret
    12. juli 2024 11:57