Overlege psykiatri
- Arbeidsgiver
- Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Overlege psykiater
- Frist
- 01.12.2024
Beskrivelse
Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri snarast.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. I tillegg er det knytt eit ambulant team til seksjonen som arbeider med å forhindre og/eller redusere antall re-innleggingar og forkorte liggetid.
Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 2 sosionomar, 4 LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell.
Hovudtyngda av oppgåvene vil bli i døgn, men enkelte oppgåver kan vere aktuelle mot ambulant team på spesielle saker. Vi er tverrfagleg samansatt og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre.
Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Behandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar
- Individual terapi og pårørendesamtalar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
- Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid
- Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent norsk spesialist innan psykiatri
- LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
- Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Ønskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevist
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Tilrettelegging for fagleg utvikling
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialist
Kontaktinformasjon
Marit Mork Stenløs, Seksjonsleiar, 47227615, Marit.Mork.Stenlos@helse-mr.noArbeidsstad
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4836724091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Lege / Psykiater
- FINN-kode
- 360948691
- Sist endret
- 08. nov. 2024 03:51