Inaktiv

Terna bustad

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Terna bustad
Stillingstittel
2 x 25% fast helgestilling som miljøarbeidarar
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli ein del av ein flott og energisk gjeng? Då er du den vi leiter etter!

Terna bustad ligg på Rong, og gjer tenester til personar med autisme og psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov. Avdelinga utvidar og vi treng fleire engasjerte medarbeidarar.

Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Arbeid etter kap 9, HOTL.

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar kan andre bli vurdert.
  • Sertifikat
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med liknande arbeid.
  • God kjennskap til arbeid etter kap. 9,
  • Kjennskap til autismespekterforstyrringar
Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert
  • Lojal

Anna:

  • Ved internt endringar kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkjarmasse
  • Årsturnus med primært lange vakter, arbeid kvar 4.helg.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avdelingsleiar: May-Liss Snekkevik, Telefon nr 46 88 27 69

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
360952593
Sist endret
15. juli 2024 06:35