Inaktiv

Politioverbetjent/politiførstebetjent - Tilrettelagte avhøyr

Arbeidsgiver
FEFE - Seksjon for etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Politioverbetjent - Tilrettelagte avhøyr
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du erfaring eller vidareutdanning innan tilrettelagte avhøyr? Vi søkjer deg som vil bruke dei gode kommunikasjonsevnene dine innanfor eit viktig fagområde til fast stilling eller vikariat som politioverbetjent/politiførstebetjent.

I stillinga vil du ha tilrettelagte avhøyr av barn som primæroppgåve. Du vil også kunne utføre anna taktisk etterforsking i saker innan feltet seksuelle overgrep (SO) og grov vald. Arbeidsstad for stillinga er fortrinnsvis anten Ålesund, Ulsteinvik, Molde eller Kristiansund, men annan arbeidsstad kan bli vurdert dersom du ønskjer det.

Vi kan tilby eit sterkt fagmiljø med kollegaer som har lang erfaring og høg kompetanse innen fagområdet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevande som følge av at ein ofte jobbar med mennesker i krise, og vi må levere arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. Vi har eit særleg fokus på HMS, og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.

Avhengig av ønskt arbeidsstad vil du anten tilhøyre avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Sunnmøre (Ålesund) eller avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Nordmøre og Romsdal (Molde og Kristiansund). I stillinga vil du også ha eit tett samarbeid med seksjon for Statens barnehus i Ålesund, samt med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Du må pårekne noko reiseverksemd.

Lengd på vikariatet er minimum seks månadar.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere tilrettelagte avhøyr av barn
  • Utføre anna taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Politi(høg)skulen
  • Erfaring som etterforskar
  • Norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Generell god IKT kunnskap, medrekna i politiet sitt saksbehandlingssystem og prosjektstyringsverktøy

Ønskeleg:

  • Gjennomført vidareutdanning i tilrettelagte avhøyr av barn ved politihøgskulen eller kunne ta denne utdanninga
  • Vidareutdanning innan etterforsking
  • Erfaring som barneavhøyrer
  • Gjennomført eller under utdanning i sekvensielle avhøyr
  • Tilleggsutdanning innan fagfeltet grov vold, seksuelle overgrep eller digital etterforskning

Personlege eigenskapar

  • Primæroppgåva i stillinga er arbeid med tilrettelagte avhøyr av barn. Derfor treng vi deg som har svært gode kommunikasjonsevner og tryggleik i yrkesrolla som kan kommunisere formålstjenlig med barn i avhøyr
  • Det er også viktig med gode samarbeidsevner, då stillinga krev ei tett og god samhandling med Statens barnehus i Ålesund og dei geografiske driftseiningane i politidistriktet, samt eksterne samarbeidsparter
  • Du er fleksibel og likar å finne løysingar når det oppstår akutte saker som krev umiddelbar respons frå avsnittet
  • Du kan jobbe sjølvstendig og i team

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og meiningsfylt arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • Fast stilling eller vikariat som politioverbetjent, stillingskode 0287 med brutto årslønn frå kr. 635 400 til kr. 720 100 / politiførstebetjent, stillingskode 0285, med brutto årslønn frå kr. 584 500 til kr. 679 700
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB
  • Du kan få dekt eventuelle nødvendige flyttekostnadar etter nærmare avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar

Kontaktinformasjon

Hans Martin Gridseth, Fung. seksjonsleiar, 40236218

Linn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, +47 92813729

Arbeidssted

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4835981616

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
360953849
Sist endret
22. juli 2024 12:38