Er du vår nye inndragingsspesialist?

Arbeidsgiver
FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi-/miljøkrim., Møre og Romsdal politid
Stillingstittel
Er du vår nye inndragingsspesialist?
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Møre og Romsdal politidistrikt har oppretta ei ny stilling som inndragingsspesialist for å styrke politidistriktet sitt arbeid med å bekjempe profittmotivert kriminalitet.

I stillinga som inndragingsspesialist vil du vere ein ressurs og pådrivar i politidistriktet for å utnytte potensialet som ligg i å bruke inndragning aktivt til å ta ifrå kriminelle deira verktøy til kriminalitet. Arbeidskvardagen vil bestå av metodeutvikling, opplæring så vel som praktisk arbeid i saker retta mot inndragning av verdiar.

Som inndragingsspesialist tilhøyrer du eit profesjonelt fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomisk og miljøkriminalitet, og vil ha ansvar og arbeidsoppgåver i heile Møre og Romsdal politidistrikt. Ein viktig del av jobben blir å drive opplæring og rettleiing i politidistriktet. Du må pårekne noko reiseaktivitet, men evnen til å samhandle digitalt er viktig.

Vi søkjer deg som er initiativrik, sjølvstendig og som har god gjennomføringsevne.Du fungerer godt i eit travelt arbeidsmiljø, og har evne til omstille deg og vere allsidig for å kunne bistå med dei øvrige arbeidsoppgåvene ved seksjonen. Har du også interesse og evne til å utvikle og motivere andre medarbeidarar innan fagfeltet kan dette vere rette stillinga for deg. Personleg eignaheit, motivasjon for stillinga og fagleg kompetanse vil bli vektlagt.

Avsnitt for etterforsking av økonomisk og miljøkriminalitet er organisert ved seksjon for etterforsking, FEFE. Oppmøtestad for stillinga er ved politihuset i Molde eller i Ålesund. Annan arbeidsstad kan bli vurdert dersom du ønskjer det.



Arbeidsoppgåver

  • Fag- og metodeansvar for inndraging
  • Rettleiing og undervising innan etterforsking og fagområdet
  • Gi praktisk støtte og bistand i etterforsking knytt til fagområdet
  • Etablere og utvikle nettverk og samarbeidsrutinar internt og eksternt innan fagområdet
  • Vere politidistriktet sin kontaktperson på fagområdet og delta i lokale og nasjonale fagnettverk
  • Vere oppdatert på fagområdet, bidra aktivt til fag-/metodeutvikling og systematisk forbetringsarbeid
  • Bidra til seksjonen si totale oppgåveløysing etter behov og kapasitet

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført Politi(høg)skule
  • Brei etterforskarerfaring og minst tre års erfaring frå politiet
  • God fenomenforståing og kunnskap om etterforsking og inndraging
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kunnskap om og erfaring med bruk av politiet sine straffesaks- og etterretningssystem
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent må ein i tillegg ha minst tre års erfaring frå etterforsking innan fagfeltet økonomisk kriminalitet, og relevant vidareutdanning innan etterforsking og/eller erfaring frå tverretatleg samarbeid.

Ønskeleg:

  • Erfaring frå etterforsking av økonomisk kriminalitet
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar, distriktsgrenser og/eller profesjonar
  • Erfaring frå opplæring- og undervising
  • Relevant vidareutdanning i etterforsking, herunder PHS' "Inndragning og pengespor" og PHS' "Veiledningspedagogikk modul 1", "Videreutdanning innen etterforskning(VEF)"
  • Kunnskap og forståing for politiet sin primærstrategi kriminalitetsførebygging

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik med god evne til å arbeide sjølvstendig
  • Resultatorientert med god gjennomføringsevne
  • Gode evner til samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Evne til og interesse for å motivere og drive utvikling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Fast stilling som politiførstebetjent 0285, brutto årslønn frå kr. 584 500 til kr. 679 700 eller som politioverbetjent 0287, brutto årslønn frå kr. 657 300 til kr. 720 100
  • For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjering etter gjeldande ATB
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Linn Breivik Erstad, Fungerande driftseiningsleiar, 92813729

Ole Ivar Nybø, Avsnittsleiar, 70118700

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4835573145

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
360954095
Sist endret
15. juli 2024 06:36