Inaktiv

Laboratorieassistent  

Arbeidsgiver
Laboratoria i Helse Førde
Stillingstittel
Laboratorieassistent
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer laboratorieassistent.


Laboratoria i Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde - og vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Våre medisinske laboratorium har har omlag 100 medarbeidere der hovedoppgåvene er å undersøke pasientprøver. Dette gjer vi for å finne informasjon som diagnose, behandling og førebygging av sjukdom. Vi søkjer deg som ønskjer eit lærerikt år med variert og spanande arbeid.

Stillinga vil jobbe dagtid på tvers av laboratorieavdelingane:

  • Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) - video LMBB
  • Mikrobiologisk avdeling - video Mikrobiologi
  • Avdeling for Patologi - video Patologii

Som nyansatt laboratorieassistent, vil du få god opplæring fram til ein sjølvstendig arbeidskvardag. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss!

Oppstart snarleg - eller etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i blodprøvetaking
  • Reingjering og vedlikehald av utstyr og lager
  • Utpakking og påfyll av forbruksvarer
  • Utføre analytiske og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk
  • Førefallande laboratoriearbeid

Kvalifikasjonar

  • Fylt 18 år
  • Fullført ungdomsskule og starta vidaregåande opplæring
  • Relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam
  • Kunne arbeide i team
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Bistand til å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank, 578 39 287

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef ved Avdeling for patologi, 918 06 787

Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling, 959 23 340

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4838116752

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Ingeniør
FINN-kode
360960080
Sist endret
15. juli 2024 06:42