Inaktiv

Inspektør

Arbeidsgiver
Florø barneskole
Stillingstittel
Inspektør
Frist
25.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kinn kommune søkar ein inspektør med gode relasjonsferdigheiter, som vil vere med å utvikle Florø barneskole til det beste for elevar, foreldre og tilsette.

Florø barneskole er ein tre-parallell barneskole med om lag 450 elever. Totalt bidreg rundt 80 tilsette til elevane si faglege og sosiale læring og utvikling i skole og SFO.


Inspektøren skal vere med i ei leiargruppe som består av rektor, assisterende rektor og ein inspektør til, samt SFO-leiar. I samarbeid med leiargruppa vil ein blant anna ha ansvar for oppfølging av trinnarbeid og arbeid med læringsmiljø og klassemiljø, samt skolens utviklingsarbeid. I tillegg vil ein ha ansvar for skolens sin IKT-styring samt arbeid med kommunale digitale styringssystem. Inspektøren vil ta del i personalansvaret saman med dei andre i leiinga.


Vi søker ein som kan medverke til å vidareutvikle skolen som ein lærande organisasjon. Vi ser etter deg som har ein samarbeidande leiarstil, er ein tydeleg og synleg leiar, og ønsker å oppnå gode resultat for skolen. Du må evne å motivere til ein felles innsats for alle elevane si læring og utvikling.

På Florø barneskole og i Kinnskolen skal alle elever få være del av eit inkluderande leik- og læringsfellesskap som fremmar helse, trivsel og læring. Det er ein forventning om at ein fellesskapande didaktikk ligg til grunn for all opplæring.

Som leiar blir du sjølv del av eit profesjonsfellesskap beståande av dyktige skoleleiarar.



Arbeidsoppgåver

  • Styre skolens og kommunens digitale styringssystem
  • Bistå tilsette om det oppstår digitale utfordringar
  • Leie og vidareutvikle skolen sitt profesjonsfellesskap
  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med LK20, med mål om auka læringsutbytte for kvar enkelt elev
  • Kvalitativ og kvantitativ resultatoppfølging av elevane si læring og læringsmiljø
  • Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
    Sikre eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Forpliktande samarbeid i oppvekstsektoren, og på tvers av fagmiljøet
  • Leie, legge til rette og vere ein pådrivar for fysisk uteaktivitet

Kvalifikasjonar

  • God digital kompetanse
  • Kjennskap og erfaring med kommunale administrative styringsystem som IST, RS, Famac o.l
  • Fullført eller påbegynt mastergrad i organisasjon og leiing i utdanningssektoren
  • Fordel med skoleleiarerfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Politiattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du har høg arbeidskapasitet, og har eit stort engasjement rundt elevane sine læringsprosessar
  • Du jobbar for å oppnå gode resultat i samarbeid med dei tilsette og øvrige aktørar
  • Du inspirerer, involverer og er tydeleg på skolen sitt heilskapande oppdrag
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer og samhandlar godt, både med barn og vaksne, samstundes som du er trygg og uredd i rolla som leiar og har gjennomføringskraft
  • Du har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert
  • Du er lojal til leiargruppa sine avgjerslar
  • Du verdset samarbeid og er fleksibel og lyttande
  • Du er ein lagspelar og ønskar at andre skal lukkast

Vi tilbyr

  • Ein spanande og innhaldsrik kvardag
  • Moglegheit til å bidra til å utvikle og organisere ein god skolekvardag for elevar og tilsette
  • Godt fagmiljø og samarbeid internt i oppvekstsektoren og på tvers av fagmiljø
  • Leiarnettverk og profesjonsfellesskap med kollegaer
  • Vikariat, med moglegheit for fast tilsetting
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Wenche Iren Brandsøy, Rektor Florø barneskole, +47 90771878

Arbeidsstad

Hans Blomgate 42

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4837878535

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 25.07.2024


Sted
Hans Blomgate 42, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360963363
Sist endret
15. juli 2024 06:42