Stipendiat i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i nordisk språk
Frist
01.09.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Velkommen som søkjar til ei stipendiatstilling i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. desember 2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.


Om instituttet:

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) har kring 80 vitskaplege tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida seks innanfor faget nordisk språkvitskap. I tillegg er det for tida tre ph.d.-stipendiatar i disiplinen. Forskinga i nordisk språkvitskap ved LLE har tyngdepunkt i grammatikk, semantikk, sosiolingvistikk, språkhistorie, tekstlingvistikk og pragmatikk. Instituttet huser òg redaksjonane for Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og leier arbeidet med Termportalen og Clarino.


Om forskargruppa:

Stipendiatstillinga er knytt til Forskargruppa i nordisk språk. Medlemmane i gruppa forskar på nordisk språk frå ulike innfallsvinklar, og har stor breidd i rettleiingskompetansen. Prosjekta forskarane arbeider på, inkluderer synkrone og diakrone innfallsvinklar, forsking på både skrift og tale, og ulike grammatiske og sosiolingvistiske teoriar.


Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan nordisk språkvitskap eller tilsvarande. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningslinjer.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må kunne delta i undervising og administrasjon på eit skandinavisk språk ved tilsetting, i tillegg til å meistre engelsk, både munnleg og skriftleg.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.

Prosjektet skal dreie seg om språkkontakt, som her er vidt definert: Vi ønskjer søkjarar som vil arbeide med område som språk- eller dialektkontakt, arvespråk, engelsk påverknad, norsk som andrespråk eller kontakt i historisk perspektiv. Prosjektet kan vere knytt til talespråk eller skriftspråk, og fleire ulike teoretiske innfallsvinklar er aktuelle.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 540 500 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søke stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Andre opplysningar:

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte forskergruppeleiar, professor Agnete Nesse, e-post: Agnete.Nesse@uib.no, telefon: +47 55 58 61 85 eller fagkoordinator for nordisk språk, førsteamanuensis Helga Mannsåker, e-post: Helga.Mannsaker@uib.no, telefon: +47 55 58 24 29.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
361012028
Sist endret
15. juli 2024 12:24