Likar du å jobbe med born og unge? Eller du har lyst til sjå om det kan vere rette karriera for deg? Då bør du søkje hjå

Arbeidsgiver
Askvoll kommune Bulandet barnehage
Stillingstittel
Assistent/Fagarbeider Bulandet barnehage og Bulandet skule
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bulandet barnehage og Bulandet skule har ledig inntil stilling som fagarbeidar/assistent. Stillingsstorleik kan justerast etter avtale med søkjar. Stillinga er mellombels for skuleåret 2024/25, men kan seinare bli omgjort til fast stilling. Arbeidsoppgåvene vil vere fordelt mellom barnehage, skule og skulefritidsordning.

Arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna i barnehage, skule og skulefritidsordning
  • Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
  • Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli tilsett .
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som er

  • leiken og open og likar faglege utfordringar
  • har evna til å brette opp ermane og ta i eit tak når det er hektisk og samstundes roe heilt ned og vere anker for barna i deira aktivitet
  • lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • trivs i lag med små barn

Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Nordsjøvegen 1086, 6987 Bulandet
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
361257695
Sist endret
14. juli 2024 10:03