Reinhaldar Askvoll omsorgssenter - 80% fast stilling, 37,5 t/v

Arbeidsgiver
Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 1. november 2024 har vi ledig ei 80% fast stilling som reinhaldar ved Askvoll omsorgssenter.


Arbeidsoppgåver:

  • Utføring av reinhald på dagtid ved Askvollheimen
  • Reinhald på pasientrom, gang, vaktrom, fellesrom og andre rom
  • Nedvask av pasientrom og anna areal vil førekomme, til liks med boning av golv
  • Reinhaldet vert utført både manuelt og ved hjelp av maskiner


Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldar
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis verte tilsett som assistent, med krav om å ta utdanning i etterkant
  • Dersom ein blir tilsett må ein kunne legge fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
  • Gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere nøyaktig og strukturert
  • Du må kunne vise omsorg og respekt for pasientar og kollegaer
  • Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper
  • Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing


Vi tilbyr:

  • Løn kr 10 000,- over KS sin tariff for fagarbeidar
  • Reinhaldarar får i tillewgg eit årleg lokalt tillegg til tariffesta garantiløn pålydande kr. 8.000,-
  • Pensjonsordning i KLP
  • ·Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Askvollheimen, 6980 Askvoll
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
361257714
Sist endret
15. juli 2024 05:59