Forsøksteknikar / driftsteknikar - innan jordbruk

Arbeidsgiver
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Stillingstittel
Forskingteknikar / driftsteknikar - innan jordbruk
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nøkkelinformasjon

Arbeidsområdet er primært forsøksarbeid knytt til feltforsøk i eng, drift og vedlikehald av jordbruksareal. Ein må også rekne med vedlikehaldsarbeid på bygningar og maskiner, samt IKT-oppgåver ved forskingsstasjonen.

NIBIO Fureneset ligg lengst vest i Fjaler kommune i Vestland og driv med forsking og utvikling innan grovfôrproduksjon på Vestlandet. Stillinga har kontorplassering på stasjonen.


Oppgåvene til stillinga
  • Praktisk gjennomføring av feltforsøk i eng
  • Delta i planlegging av feltforsøk
  • Uttak og bearbeiding av prøvemateriell
  • Enkel behandling av innsamla data
  • Drift og vedlikehald av jordbruksareal
  • Vedlikehald av bygningar, forsøksutstyr og maskiner
  • IKT-kontakt på stasjonen
  • Delta i felles driftsoppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav
  • Landbruksfagleg utdanning frå vidaregåande skule. Anna utdanning med relevans for stillinga sine arbeidsområde eller realkompetanse, kan og vere aktuelt.
  • Erfaring med praktisk jordbruksdrift
  • Førarkort for bil og traktor
  • God kunnskap i norsk

Det er ein fordel om du har
  • Erfaring med vedlikehald av bygningar og maskiner
  • Erfaring med praktisk forsøksarbeid i jordbruket
  • IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • Evne til samarbeid og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Praktisk anlagt og løysingsorientert
  • Fleksibel med omsyn til varierande arbeidsoppgåver og arbeidstrykk, særleg i vekstsesongen

Vi tilbyr
  • Meiningsfullt arbeid der ein bidreg til å løyse utfordringar innan klimatilpassa grovfôrproduksjon
  • Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
  • Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
  • Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsette sine ulike livsfasar

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som ingeniør kode 1275, lønssteg 46-52 (kr 472.900 - 516.800 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO


Korleis søkje på stillinga

CV sender du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vi ber ikkje om søknadsbrev, men ber deg i staden om å svare på nokre spørsmål.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.


Andre opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gje ei positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.


Sektor
Offentlig
Sted
Fure, 6967 Hellevik i Fjaler
Stillingsfunksjon
Teknisk personell, Ingeniør, Annet
FINN-kode
361257840
Sist endret
15. juli 2024 01:08