Inaktiv

Helsefagarbeidar Folkestadtun

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Folkestadtun
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 01.10.24 er det ledig ei 70 % stilling for helsefagarbeidar i heimetenesta. Denne stillinga har for tida base ved Folkestadtun omsorgsbustadar. Stillinga har todelt turnus med arbeid på dag, kveld og helg.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene er helse og omsorgstenester retta mot bebuarane ved Folkestadtun omsorgsbustadar. Dette bygget har 10 leiligheiter for eldre. I tillegg har turnusen ein del dagvakter med heimetenesteoppdrag til heimebuande i distriktet.

Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov. Du har ansvar for å observere og dokumentere brukarane sin tilstand og i samarbeid med andre helsepersonell iverksette og følge opp naudsynte tiltak. Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut i frå tiltaksplan for den enkelte brukar, det kan vere bistand til personleg pleie, forflytning, tilrettelegging for måltid med meir. I tillegg følger det med praktiske oppgåver i avdelinga som rydding, reingjering og anna. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi bebuarane eit godt innhald i dagen. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø. Som helsefagarbeidar har ein også ansvar for å veilede pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Dokumentasjon i pasientjournal er også ein viktig del av jobben.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
    Erfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt
    Må kunne norsk språk flytande både munnleg og skriftleg.
    Må ha alminnelege datakunnskaper
    Må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
    Vi legg vekt på gode fagkunnskapar inkludert god observasjonskompetanse
    Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, før oppstart i arbeid
    Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer ein medarbeidar som:

  • Likar å arbeide med eldre
  • Trivast med å arbeide sjølvstendig
  • Er god til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og iverksette tiltak
  • Tek initiativ og ansvar
  • Har godt humør

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff, stillingskode 4105
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma og NHI
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar gruppe 1, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar heimetenester, 90032432, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Dalsfjordvegen 4235

6120 Folkestad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4838727351

Stillingsprosent: 70%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
361291710
Sist endret
08. aug. 2024 08:46