Sakshandsamar i sørfjorden barnevernsteneste

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Sakshandsamar i sørfjorden barnevernsteneste
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du bidra i utvikling av vår interkommunale barnevernteneste? Osterøy kommune er vertskommune for Vaksdal og Modalen barnevernsteneste. Saman skal vi i Sørfjorden barnevernsteneste skape gode tenester og bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng. Vil du vere ein del av dette viktige samfunnsoppdraget kan du vere personen vi søkjer!

Sørfjorden barnevernsteneste har ledig stilling som sakshandsamar i 100 %. Stillinga er ledig frå snarast.

I dag har me 12 tilsette, og er organisert i Familiens hus. Her finn du og tenestene PPT, Barn- og familieteamet og Osterøy helsestasjon.

Familiens hus er organisert i sektor for Oppvekst, undervisning og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer difor i tillegg å fylgje opp einskildsaker og bidra på systemnivå i høve satsing på førebyggjande arbeid for alle barn i tråd med ny barnevernlov/oppveksteform. Familiens hus er lokalisert i nye, fine lokale i Lonevåg sentrum. Tenesta disponerar også kontorlokaler i Vaksdal kommune.

Me vil i rekrutteringsprosessen gjere fortløpande intervju av kvalifiserte søkjarar.nformasjon om stillinga


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming etter Lov om barnevern og anna relevant lovverk
  • Kartleggje og undersøke barnet sitt behov
  • Samarbeide med barn, ungdom og deira familiar
  • Koordinere og samarbeide med kollegaer, familiar og andre instansar
  • Følgje opp barn og unge med tiltak
  • Møte i barnevern- og helsenemnd og andre rettsinstansar som representant for kommunen


Kvalifikasjonskrav
  • Krav om master eller pågåande masterutdanning i barnevern eller sosialt arbeid, eller anna relevant fagområdet.
  • Relevant arbeidserfaring vert vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, hovudmålet til kommunen er nynorsk
  • Krav om førarkort klasse B
  • Godkjend politiattest

Vi ønskjer tilsette som:

  • Er stabile og har eit fagleg engasjement med barn sitt beste i fokus
  • Visar rausheit og respekt i møte med barn og familiar
  • Du må vere god på relasjonsbygging og samarbeid med barn og deira familiar
  • Du meistrar stress og har tryggleik til å stå i krevjande situasjonar
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team
  • Du er strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Du har ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag, og du beherskar eit høgt arbeidstempo og tidvis stor arbeidsmengde
  • Du har endring- og fleksibilitetsvilje
  • Du må opptrå i samsvar med Osterøy kommune sitt verdigrunnlag
  • Personleg eignaheit vert vektlagt til stillinga

Vi tilbyr
  • God rettleiing og tett oppfølging
  • Ein spanande jobb i ein kommune med heilskapleg satsing på barn/ungdom og deira familiar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hektisk miljø med gode kollegaer

Anna
  • Kopi av vitnemål og attester tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Oppmøtestad vil være på Osterøy, men ein må pårekne arbeid i Vaksdal og Modalen.

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Konsulent, Barnevernspedagog
FINN-kode
361412840
Sist endret
16. juli 2024 09:15