Prosjektstilling - Mobilt Ferdigheitsteam

Arbeidsgiver
Ål kommune Hallinghelse
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Hallinghelse lyser ut inntil 75 % prosjektstilling i Mobilt Ferdigheitsteam med fokus på fleirspråkleg undervisning og ferdigheitstrening innan observasjonskompetanse, med oppstart 01.09.24.

Om prosjektet

Mobilt Ferdigheitsteam er eit tilbod til helsetenestene i Hallingdal, som tilbyr spesialtilpassa ferdigheitstrening og kompetanseheving til helsepersonell. Me reiser rundt til ulike delar av helse- og omsorgstenestene i dei seks kommunane og tilbyr ferdigheitstrening på bestilling, eller undervisningsopplegg. Hallinghelse har fått midlar frå Statsforvaltaren til å utarbeide eit opplegg som sikrar kompetanseheving, forståing og formidling innan kliniske observasjonar hos helsepersonell i Hallingdal, uavhengig av morsmål.

Arbeidet vil starte med ein kartleggingsprosess av behov for observasjonskompetanse i dei ulike avdelingane, på korleis språk, og korleis ein best skal kunne tilby denne opplæringa. Stillinga skal dekke behovet i dei ulike kommunane, og ein vil ha stor innverknad på korleis stillinga vert utforma.

Målet er at helsepersonell i kommunane skal inneha god grunnleggande observasjonskompetanse, god yrkesskikk og gjera gode, etiske vurderingar. Vidare ynskjer vi at kommunane skal gi god opplæring av våre tilsette, uavhengig av morsmål og kultur. Ved å skape trygge rom for trening og samhandling vil vi kunne auke observasjonskompetansen og formidlinga av dei kliniske observasjonane mellom ulike yrkesgrupper blant helsepersonell.

Som tilsett i Mobilt Ferdigheitsteam vil du vere ein av fire tilsette som arbeider med ferdigheitstrening for helsepersonell på tvers av dei seks kommunane i Hallingdal.

Stillinga inneber mellom anna undervisning, opplæring og ferdigheitstrening til alle faggrupper innanfor helse i Hallingdal. Du skal sørge for fagleg utvikling og oppdatering, og dekke kommunanes behov for ferdigheitstrening på ditt fagfelt. Ein vil og måtte kunne bidra i utvikling av ulike undervisningsopplegg, som til dømes innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Mobilt ferdigheitsteam er ein del av teamet i Hallinghelse, og vil ha base på vårt kontorfellesskap på Torpomoen i Ål. Vertskommune for stillinga er Ål kommune.

Kvalifikasjonar:

  • treårig høgskule innan helse, sosial eller pedagogikk med spesiell interesse for fagfeltet, gjerne med vidareutdanning
  • god språkkunnskap, både norsk, engelsk og evt andre språk
  • erfaring med undervisning eller anna relevant erfaring, gjerne på anna språk enn norsk
  • kjennskap til interkommunalt samarbeid
  • engasjement for fagleg utvikling
  • god formidlingsevne
  • er entusiastisk og ansvarsbevisst, og glad i å jobbe både sjølvstendig og i team
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr:

  • stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver
  • eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • innovativt og høgt faglig kompetansemiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidskvardag
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

Send søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med spørsmål om stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Torpomoen, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
361491779
Sist endret
17. juli 2024 05:40