3X80% helsefagarbeidar, faste stillingar

Arbeidsgiver
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi skal tilsette helsefagarbeidarar i 3x80% faste stillingar.

Stillingane inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder og arbeid 3.kvar eller 4.kvar helg.

Dei som arbeider 4.kvar helg har langvakter på 12,5 time.

Om oss

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og vi har ei korttidsavdeling.

I korttidsavdelinga har vi 2 ØHD-rom.

Nokre tilsette hos oss har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

Vi søker:

  • helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar med autorisasjon
  • vi tek i mot både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring
  • du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon

Arbeidsoppgåver:

  • oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
  • samhandling og tverrfagleg samarbeid
  • veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar
  • observasjon og dokumentasjon
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy

Personlege eigenskapar

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs.

Du er endringsvilig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel.

Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest, denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi kan tilby:

Turnus med mogleg individuell tilpassing

fagutvikling

Godt arbeidsmiljø

Lønn etter gjeldande avtalevek og kommunale tilsettingsvilkår

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Besøk oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
361541600
Sist endret
17. juli 2024 12:52