Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 15 faste stillingar som etterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Stillingane er nyoppretta som følge av ekstra tildelingar til politidistriktet. Styrkinga skal gi auka kapasitet og innsats innan etterretning, førebygging og etterforsking.

Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og som er ansvarsbevisst. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du også som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Stillingane har for tida arbeidsstad ved:

  • Ålesund
  • Molde
  • Kristiansund
  • Ulstein og Hareid / Volda og Ørsta
  • Det kan oppstå ledigheit ved andre oppmøtestadar i politidistriktet

Når du søkjer på stillinga vil du bli bedt om å oppgi i søknaden kva for arbeidsstad(ar) du søkjer deg til.

Det endelege talet på stillingar er ikkje klart. Det kan også bli behov for vikariat.

Vitnemål, karakterskjema og oppdaterte referansar må leggast ved søknaden. Hent inn originalvitnemålet ditt i frå vitnemålsportalen i Webcruiter. Dersom vitnemålet ikkje er tilgjengeleg på søknadstidspunktet, kan du alternativt legge ved karakterutskrift og ettersende vitnemålet så snart det er klart.



Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking
  • Etterretning
  • Førebygging
  • Operatør sentralbord/operasjonssentralen
  • Grensekontroll/utlendingskontroll
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta
  • Kan påleggast andre oppgåver
  • Ein må pårekne turnustjeneste

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal også fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
  • Operativ godkjenning i kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å få slik godkjenning
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Ønskeleg:

  • Gode resultat frå utdanning ved PHS
  • Erfaring frå politistilling etter fullført og bestått PHS
  • Anna særskilt relevant etterforskingserfaring utanfor politiet kan i tillegg gi noko uttelling etter nærmare vurdering

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Fast stilling eller vikariat som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Etterforskar:
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
  • Førebygging/etterretning/utlendingskontroll/kombitjeneste:
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 540 500 - kr. 624 500
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 480 900 - kr. 516 800
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 448 900 - kr. 509 300
  • Øvrige tjenesteområder:
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 524 700 - kr. 604 900
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 460 600 - kr. 487 800
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 432 800 - kr. 472 900
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Marianne Nordås Frøland, Leiar stab HR og HMS, 92896475

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4830486872

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
FINN-kode
361575275
Sist endret
17. juli 2024 01:28