Inaktiv
Driftsleiar bygg
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Driftsleiar bygg
- Frist
- 01.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ansvarsområde for Drift/teknisk Divisjon:
Driftsteknisk divisjon består i hovudsak av dei fleste ikkje-medisinske avdelingane til Helse Bergen. Divisjonen har om lag 1400 tilsette, med eit mangfaldig og variert kompetansespekter. Divisjonen har ansvar for drift, reinhald, sikkerheit og vedlikehald av 500.000 m2 areal med bygningar og ansvar for medisinsk-teknisk utstyr til i overkant av 1 milliard kroner. Hovudansvar for planlegging av investeringar i nybygg, ombyggingar og innhenting av tilbod til utstyr som årleg ligg rundt 400 millionar kroner. I tillegg har divisjonen ansvar for arealplanlegging og arealdisponering/ arealtildeling på sjukehuset. Vi utstyrer òg sjukehuset med mat, klede og transporttenester.
Ansvarsområde for Teknisk Avdeling:
Teknisk avdeling forvalter Helse Bergen sin eigedomsmasse og har ansvar for drift og vedlikehald av bygninger, tekniske installasjoner og utvendig areal. Avdelinga er organisert med einingar for Eigedom og Byggteknisk med fagseksjonar for Bygg og Park, Elektro, HMS&K, Maskin, Sterilteknikk, Transportteknisk, Vedlikehaldsstyring/Teknisk Informasjon og VVS, samt eigne tverrfaglege seksjonar ved sjukehusa i Sandviken og på Voss.
Ansvarsområde seksjon for Bygg og Park:
Bygg og Park, Maskin og VVS tilhøyrer Byggteknisk eining med totalt 50 tilsette. Bygg og Park har med 12 fast ansatte medarbeidere og innleide leverandører ansvaret for byggteknisk vedlikehald av våre mange bygg med tilhøyrande uteområder ved Haukeland Universitetssjukehus og Rehabiliteringsklinikken på Nordås. Seksjonen gjennomfører også enkelte mindre byggeprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Leie og planlegge oppgåvene knytta til utvendig og innvendig bygningsvedlikehald av våre mange bygg på Haukeland Universitetssjukehus
- Oppfølging av våre leverandører innan byggteknisk vedlikehald
- Oppfølging av arbeidsordrer
- Bestilling av arbeidsoperasjoner og materiell
- Fakturabehandling
- Befaring med kunder og leverandører
- Bidra til at teknisk tilstand på bygg blir oppretthalden ved systematisk vedlikehald i samsvar med internkontroll/styrande dokumentasjon
- Bidra til å oppdatere dokumentasjon relatert til vedlikehald
- Tett samhandling med leiing og andre avdelingar ved sjukehuset og Driftsteknisk Divisjon i Helse Bergen
- Dagleg bruk og oppdatering av system for vedlikehaldsstyring og FDVU
- Bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar og -metodar
- Utføre arbeidsoperasjoner ved behov
Kvalifikasjoner
- Relevant teknisk fagbrev/teknisk fagskule
- Minst 10 års erfaring som fagarbeidar innan bygg og anlegg
- Leiarerfaring frå byggdrift og/eller byggprosjekt
Personlege eigenskaper
- Strukturert, systematisk og serviceinnstilt
- God kjennskap til IT kontorstøtteverktøy og datasystem for FDVU
- Motiverende åtferd og god evne til å samarbeide på tvers av faggrupper
- Høg gjennomføringsevne
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Fokus på HMS
Vi tilbyr deg
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Utviklingsmuligheter
- Oppstart etter nærare avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Jostein Seljelid Nesse, Einingsleiar, 41359837, josnes@ihelse.netKristin Opdahl, Seksjonsleiar, 92098732, kriopd@ihelse.net
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4837731101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Ingeniør, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 361627280
- Sist endret
- 16. aug. 2024 05:05