Inaktiv

Miljøterapeutarar

Arbeidsgiver
Habiliteringstenesta, Bømlo kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
11.08.2024

Beskrivelse

Har du ein genuin interesse for å vera til hjelp i kvardagen til andre? Bli ein del av vårt team som miljøterapeutar og få moglegheita til å gjere ein skilnad i livet til våre brukarar!

Habiliteringstenesta har tre ledige stillingar som miljøterapeutar i 100% stillingsstorleik; to faste og eitt vikariat. Dei faste stillingane har oppstart i midten av september. Vikariatet gjeld frå midten av oktober 2024 til ca. august 2025, med moglegheit for forlenging. Me har for tida turnus med langvakter.

Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me utgjer 126 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i ni bufellesskap/burettslag, samt dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar.
Er du den me leitar etter? Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!



Arbeidsoppgåver

  • Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla og leggje til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde brukar.
  • Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, verje/pårørande.
  • Journalføring og arbeid opp mot gjeldane lovverk.
  • I samarbeid med avdelingsleiar koordinera den daglege drifta, samt bidra til utvikling av tenesta.
  • Stillinga rapporterar til avdelingsleiar

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i vernepleie/sjukepleie.
  • Ein kan også vurdera søkjarar med helse og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Førarkort klasse B.
  • God norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.
  • Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap 9.
  • Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr Hol §5-4 a.

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer deg som er omgjengeleg, imøtekomande, venleg og serviceinnstilt.
  • Du kan stå i krevjande situasjonar over tid, vera fleksibel og trygg.
  • Du må trivast med variert arbeid og ein viss grad av uføreseielege dagar med høgt arbeidstempo.
  • Må kunne gi konstruktive tilbakemeldingar samt rettleiing til dine kollegaer for å skapa ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er uredd og ser løysingar før avgrensing.
  • Du er sjølvstendig men arbeider òg godt i team.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar:

  • Oppmodar spesielt menn til å søkja stillinga.
  • Dersom det vert intern tilsetting, kan andre miljøterapeutstillingar verta ledige og bli vurdert opp mot denne utlysinga.
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med veksemdsleiar eller avdelingsleiar.

Kontaktinformasjon

Kontakt Line Skrede Habbestad fra uke 30 , Avdelingsleiar, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no

Kontakt Frode Bratten til uke 30, Verksemdsleiar, 900 12 842, frode.bratten@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 1

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune



Referansenr.: 4837515558

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
361654335
Sist endret
18. juli 2024 06:12