Brenn du for kunstformidling og kulturvern? Har du gode leiareigenskapar og brei kunnskap om samtidskunst?

Arbeidsgiver
Hå kommune Kultur
Stillingstittel
Dagleg leiar Hå gamle prestegard/kulturvernleiar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillinga som dagleg leiar for Hå gamle prestegard og kulturvern i kommunen er ledig frå 1. oktober 2024. Dagleg leiar har eit særskilt ansvar for utforming av utstillingsprogrammet og anlegget sin faglege profil. Til stillinga ligg ansvaret for å utarbeide langsiktige strategiar og årsplanar og ha ansvar for økonomistyring i høve vedtekne rammer. Det er høge krav til eigeninntening.

Me søkjer ein sjøvstendig og tydeleg leiar, med bei kunnskap om samtidskunst og kulturvern, gode leiareigenskaper og med erfaring frå økonomisk- og administrativt arbeid. Erfaring frå formidling, kuratering og sal, samt god kjennskap til offentleg forvaltning er ein føresetnad. Søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Dagleg leiar bør ha kunst-/kulturfagleg og helst kulturvernfagleg utdanning frå høgskule eller universitet. Praksis frå liknande arbeid vert vektlagt.

Om anlegget

Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria.

Anlegget, som er eigd og drifta av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidlingssal av kunst/kunsthandverk og kafe med lokale matvarer. Det vert arrangert konsertar, føredrag, litteratur- og temakveldar.

Til drifta av anlegget ligg også det freda Obrestad fyr og kommunen sitt kulturvernarbeid.

Hå gamle prestegard er ein av dei mest besøkte utfartsstadene i regionen. Området rundt prestegarden er landskapsvernområde og har ei rik historie, som går 9000 år tilbake i tida.

Me kan tilby ein stilling med mange spennande utfordringar. Løn etter avtale.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Håvegen 347, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Kontor og administrasjon, Prosjektledelse
FINN-kode
361701681
Sist endret
18. juli 2024 12:54