Inaktiv

Anestesisjukepleiar

Arbeidsgiver
Anestesi Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi er i ein spennande prosess og vil fra våren 2025 flytte inn i et heilt nytt sjukehusbygg - sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Vi søkjer engasjerte anestesisjukepleiarar til å vere med på laget vårt. Er dette nokofor deg?

Seksjonen vår har 16 tilsette i Kristiansund med god spreiing i alderssamansetting. Dei tilsette har stor fagleg tyngde og brei erfaring, noko som kjem positivt til uttrykk i seksjonen. Arbeidskvardagen vår rettar seg hovudsakleg mot anestesi innan ØNH, ortopedi, gynekologi, tannbehandling, gastromedisinske undersøkingar og urologiske inngrep. Vi har 6 operasjonsstover med dagleg drift på 4-5 stover i vekedagane. Vi har ansvar for døgnkontinuerleg øyeblikkelig hjelpfunksjon innan ortopedi i nordre del av fylket. I tillegg er vi ein del av akutteamet, både intra- og prehospitalt.

Seksjonen har godt arbeidsmiljø og med stor aktivitet. Teamarbeid er ein viktig faktor saman med høg fagleg interesse og nytenking. Dette skal vi ta med vidare inn i det nye fellessjukehuset Nordmøre og Romsdal ( SNR). Anestesiseksjonane i Kristiansund og Molde vil fra innflytting våren 2025 vere ein felles seksjon, som vil dekke anestesifunksjonar både på Hjelset og i Kristiansund. Alle sengepostane flyttar inn i nytt sjukehus på Hjelset, medan det vil vere eit breitt tilbud innan polikliniske tilbod og dagkirurgisk behandling i Kristiansund.

Høyrest dette spennende ut? Vi ser fram til å høyre fra deg !



Arbeidsoppgåver

  • Utøve anestesisjukepleie til elektive og øyeblikkelig hjelp pasientar som skal gjennomgå kirurgiske inngrep og behandling som krev anestesi
  • Delta i akutteam
  • Veilede studentar i praksis

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie eller mastergrad i anestesisjukepleie
  • Må beherske norsk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetting.
  • Du har godt humør
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du er strukturert, ansvarsbevisst og likar å arbeide i team


Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • En inkluderende arbeidsplass
  • Turnus med arbeid for tida kvar 4. helg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vi ber om at attester og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Cathrine Schei, Seksjonsleiar, +47 93093924

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4839336132

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
361714525
Sist endret
19. juli 2024 05:52