Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.

Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Me har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.

Arbeidsoppgåver

Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla opp mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystem i forhold til medisinering.

Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som helsefagarbeidar

• Personlege eigenskapar

• Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

• Er fleksibel og løysingsorientert

• Initiativrik

• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig

• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.

• Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer).

Vi tilbyr

• Etisk refleksjon i grupper

• Årsturnus

• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.

• Gode høve for fagleg og personleg utvikling.

• Faste sosiale arrangement

• God offentleg pensjonsordning

• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.


Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Løkjavegen 35

5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4839396809

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
361715701
Sist endret
19. juli 2024 05:53