Inaktiv

Helsefagarbeidar natt

Arbeidsgiver
Eining Sveio omsorgsenter, Sveio kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar natt
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter - 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.

Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.



Arbeidsoppgåver

Det er varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa me gir tenester til. Det er mange spanande faglege utfordringar knytta til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem og me bruker multidosesystem. Me er kobla opp mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta.

  • Utføre grunnleggande sjukepleie til brukarane
  • Medikamenthandtering.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Personlege eigenskapar
  • Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vera fleksibel og løysingsorientert
  • Halda seg fagleg oppdatert
  • Initiativrik
  • Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
  • Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer).

Vi tilbyr

  • Etisk refleksjon i grupper
  • Årsturnus
  • Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Faste sosiale arrangement
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Løkjavegen 35

5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4839393196

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
361716211
Sist endret
19. juli 2024 06:05