Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

Arbeidsgiver
Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "snill vaktordning"? Då må du
søke denne stillinga!

Vi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart 1. september 2024, eller etter avtale. Vikariatet er på eit år.

Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og fremoverlent gruppe som bidrar til fagutvikling og til utdanning av nye spesialister. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din



Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid
  • Poliklinisk arbeid
  • Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tiden kvar 6. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og
    i helg frå 09.00 – 14.00. Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og
    påske.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring med både sengepost og poliklinisk arbeid
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte team
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett samarbeide med andre faggrupper
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Sosiale aktiviteter med blant anna felles treningsgruppe som har treninger ein gang i veka på
    sommaren. Felles fjellturer i våre fine omgivelser er også ein populær aktivitet
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ingvild Rostad Kjeldberg, Seksjonsoverlege fys. medisin, 70105749, ingvild.kjeldberg@helse-mr.no

Hanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4839210010

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / LIS
FINN-kode
361719363
Sist endret
19. juli 2024 06:15