Ledig stilling

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Stillingstittel
Ledig fastlegestilling i Lærdal kommune
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Me søkjer etter kandidat som har gjennomført LIS1-teneste, ALIS, eller spesialist i allmennmedisin.

Lærdal helsesenter er kommunalt drive, og har tre fastlegar og ei stilling som LIS1. Kontoret har totalt omlag 2200 fastlegepasientar.

Legekontoret er godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, velutrusta skiftestove/ akuttrom, laboratorium med god kvalitetskontroll.

Godt utstyrt, uniformert legebil for daglegevakta.

Journalsystemet som blir brukt er CGM WinMed.

Alle tre legene ved kontoret i dag har grunnløn, samt inntjening etter utdanning

Legekontoret er samlokalisert med helsestasjon, kommunepsykolog, fysioterapi, ergoterapeut og frisklivssentral.

I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skulehelseteneste. Tilsyn med sjukeheim og visittgang på interkommunal KAD eining.

Lærdal kommune er vertskommune for Årdal, Lærdal og Aurland interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Lærdal kommune på kvardagar kl.08.00 – 15.30.

Legevakta er lokalisert på Lærdal sjukehus i Lærdal kommune. Legevakta er samlokalisert med legevaktsentralen for Indre Sogn, og vegg i vegg med ambulansestasjonen. Sjukehuset har Indremedisinsk sengepost, Elektiv ortopedisk kirurgi, skadepoliklinikk med ortoped i vakt og beredskapsteam (MAT team) som kan bistå legevakt.

Vaktbelastninga er 12 delt med vakt kvar sjette helg. LIS1 kjem i tillegg.

Lærdal kommune er godkjend som utdanningstad for Allmennmedisin.

Ein LIS 3 kandidat kjem inn under avtale med ALIS vest.

Arbeidsoppgåver knytta til fastlegetenesta:

  • Kurativ verksemd
  • Daglegevakt
  • Deltaking i interkommunal legevakt
  • Kommunale oppgåver: Helsestasjon, skulehelseteneste, tilsyn med sjukeheim og visittgang ved KAD.
Ønska kvalifikasjonar:
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon.
  • Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS, evt. gjennomført LIS1-teneste.
  • Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
  • Norskkunnskapar tilsvarande B2 eller betre, og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • God erfaring med digitale verktøy
  • Søkar må ha førarkort klasse B
Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønskjer, at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig.

Vi tilbyr:

  • Lønn etter avtale
  • Godkjent utdanningsinstitusjon for LIS1, ALIS og godkjent rettleiar
  • Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
  • Gruppe- og ulykkesforsikring
  • Hjelp til å skaffe bustad

Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen.

Særskilde krav:

Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
361766402
Sist endret
19. juli 2024 06:23