Førsteamanuensis i kunsthistorie

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis i kunsthistorie
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i kunsthistorie

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), med oppstartsdato så snart som mogleg eller etter avtale med fakultet og institutt. Vi søkjer ein kunsthistorikar med stor fagleg breidde, og som kan undervise i alle delar av studieprogramma våre.


Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i kunsthistorie, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, nordisk språk og litteratur, teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

Av dei fast tilsette ved instituttet arbeider for tida fem innanfor kunsthistorie. I tillegg er det for tida fire ph.d.-stipendiatar og ein postdoktor i disiplinen.


Arbeidsoppgåver:

Til stillinga som førsteamanuensis i kunsthistorie ligg det forsking, rettleiing, undervisning, formidling og administrasjon. Søkjar må kunne undervise og rettleie på alle nivå i faget.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører sitt arbeid på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjaren må ha forskingskompetanse i kunsthistorie eller anna relevant fag, tilsvarande norsk doktorgrad.
  • I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Fagleg breidde i forsking og undervisning er ein føremon.
  • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
  • Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr:
  • Løn tilsvarande lønssteg 72-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei brutto årsløn på kroner 720.100-759.100 i full stilling før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenka på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
  • Publikasjonsliste (som vedlegg).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Søkjarar kan finne ei rettleiing for korleis du søkjer stillinga her.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post anders.fagerjord@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 18, eller fagkoordinator for kunsthistorie, professor Henning Laugerud, e-post henning.laugerud@uib.no eller tlf. +47 55 58 42 28

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Sektor
Offentlig
Sted
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
361779779
Sist endret
19. juli 2024 06:22