Inaktiv

Sjukepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Bukollektiva, Sula kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Trivast du med varierte og utfordrande arbeidsdager ilag med kjekke kollegaer? Vi søker deg som er lagspelar og engasjert i fagleg utvikling!

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 100% fast stilling for sjukepleiar. Om ønskeleg kan stillinga justerast mellom 80-100%. Tiltredelse 1. oktober eller anna dato etter avtale.

Søknadsfrist 18. august.

I Bukollektiva arbeider vi for å skap tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!



Arbeidsoppgåver

  • Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressurser
  • Praktisk hjelp
  • Primærsjukepleie
  • Miljøretta oppgåver/aktivisering med t.d. musikk, tur el.l.
  • Medisinhandtering
  • Palliasjon
  • Nært samarbed med pårørande og fastlege
  • Planarbeid
  • Generelle sjukepleieoppgåver
  • Fagleg førande i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
  • Gode datakunnskaper
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspeler og samstundes kune arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og raust miljø med gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • God opplæring og nær-leiing
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gratis parkering
  • Tillegg for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no

Eli Karin Lillebø Hageløkken, 48074239, eli.karin.l.hagelokken@sula.kommune.no

Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Molværsvegen 17

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4837888999

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Molværsvegen 17, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
361797012
Sist endret
19. juli 2024 10:25