Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon blå
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å bidra til å fremme tryggleik for personar med demens? Vi har ledig ei fast 100 prosents stilling som helsefagarbeidar ved Herøy omsorssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid.

Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Vi er for tida i ein prosess med å planlegge årsturnus, med høve til 12,5 timers vakter på helg for tilsette som ønsker det.



Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
  • miljøarbeid for personar med demens
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5C

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4833264554

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukeheimsvegen 5C, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
361818234
Sist endret
22. juli 2024 06:42