Vikar i pleie og omsorg

Arbeidsgiver
Herøy kommune, pleie- og omsorgsavdelinga
Stillingstittel
Vikar i pleie og omsorg
Frist
03.09.2024

Beskrivelse

Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle vikarar til pleie og omsorg, både til helg og kvardag.

Som vikar hos oss vil du spele ei viktig rolle i å hjelpe våre pasientar med daglege gjeremål og å oppretthalde ein god livskvalitet.

Vi ser etter deg som har eit stort hjarte, er påliteleg og har eit sterkt ønske om å bidra til å betre livskvaliteten til dei som treng det mest. Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav – det viktigaste er at du har rett innstilling og eit ønske om å gjere ein forskjell.

Vi ønsker vikarar som kan arbeide på fast planlagde helger og elles til vakter på tilkalling. Oppgje i søknaden korleis du kan arbeide.



Arbeidsoppgåver

  • personleg hygiene: hjelp til vask og påkledning
  • ernæring: hjelpe til med måltid, inkludert tilberede og servere mat og rydde etter måltid
  • aktivitetar: planlegge og delta i aktivitetar som fremjar fysisk og mental helse, som turar, spel og sosialt samvær
  • rydde rom: til dømes reie opp senger og ta ut søppel

Kvalifikasjonar

  • utdanning innan helse- og sosialfag (eller er under slik utdanning)
  • erfaring med pleie- og omsorgsoppgåver (Dette er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi tek gjerne imot nye vikarar som ønsker å forsøke slikt arbeid.)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • elektroniske kurs frå Norsk helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen som bidrag til opplæring og kompetanseheving
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5B

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4838972724

Stillingsprosent: 12%

Søknadsfrist: 03.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sjukeheimsvegen 5B, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
361818929
Sist endret
19. juli 2024 11:03