Helsefagarbeider og miljøterapeut i Tilrettelagte tenester

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeider og miljøterapeut i Tilrettelagte tenester
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar. Arbeidet er svært allsidig, og kan variere mellom alt frå bistand til dagleglivets aktivitetar til fritidsaktivitetar og avlastning for born og ungdom. Tenesta er aukande, og det er særleg behov for medarbeidarar som ynskjer å arbeide med born/ungdom og unge vaksne. Avdelinga er og med i KS-prosjektet TØRN, der tilsette får anledning til å vere med og påvirke eigen arbeidskvardag, turnus m.m.

Vi søkjer deg som har fagbrev som helsefagarbeider, barne- og ungdomsarbeider, eller har relevant 3-årig utdanning.

Desse stillingane er ledige:

  • Inntil 3 stillingar i 100 % fast
  • Inntil 20.07 % fast helgestilling på avlastninga
  • Inntil 41,55 % fast stilling som vaken nattevakt på avlastninga


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov, eller i avlastningsbustad for born og unge
  • Utøve målretta miljøarbeid
  • Hjelpe og rettleie tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning
  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du bør ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må framleggast før du startar
  • Kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
  • Vere fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • God opplæring og veiledning
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • God pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4822500935

Stillingsprosent: 100, 20,07, 41,55%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
361830281
Sist endret
22. juli 2024 12:52