Vernepleiar i Tilrettelagte tenester- 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Vernepleiar i Tilrettelagte tenester- 100% fast stilling
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Tilrettelagte tenester er det ledig 100% fast stilling som vernepleiar.

Vi søkjer deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov.
Vi legg stor vekt på samarbeid med pårørande, verger og andre samarbeidspartnarar. Samtidig ønskjer vi å skape eit fagmiljø med ulike kvalitetar og styrker, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, vi er opne for dine innspel når du kjem. Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.

Fagadministrativ tid er implementert i turnus.


Vi ser fram til å høyre frå deg!



Arbeidsoppgåver

  • Systematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
  • Delta i aktuelle brukerretta møter
  • Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
  • Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt
  • Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper
  • Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar
  • Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning
  • Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak
  • Medisinhandtering

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis utdanning og autorisasjon som vernepleiar
  • Andre med relevant 3-årig helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid kan og søke
  • Studentar er velkomne til å søke
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode kunnskapar om systematisk målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Du må ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må leggjast fram før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus. Du må gjerne vere ein pådrivar for faglege diskusjoner og etisk refleksjon
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert
  • Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner
  • Ha engasjement for målgruppa og like ansvar
  • Vi legg vekt på personleg eignaheit

Vi tilbyr

  • Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
  • Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette som er motiverte for endring.
  • Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll.
  • Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • God pensjonsordning
  • Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4822488534

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
361830746
Sist endret
22. juli 2024 12:49