Inaktiv

Er du ein engasjert person som brenn for miljøarbeid?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Miljøtenesta
Stillingstittel
Assistent i BPA 100 % fast stilling
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert person som brenn for miljøarbeid? Vi har no ledig ei 100 % stilling som assistent i BPA der du vil jobbe langvakter/medlevarvakter og med arbeid kvar 3. helg

Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av utfordringar. Har du erfaring frå arbeid innan helse- og omsorg kan du vere den vi søkjer etter.

Ein assistent er ein person som ikkje er helsefagleg utdanna, men som like fullt er svært viktig i utføring av dei daglege oppgåvene knytt til brukar sine behov og trivsel. Dersom du ynskjer å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du jobbar hos oss, kan vi hjelpe deg med dette. Du vil få god opplæring og kjennskap til faglege forsvarlege tenester og god tenesteyting. Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert i ei ordning som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukar har større innverknad på sin eigen kvardag. Tenesta blir ytt i tilrettelagt bustad og omfattar bistand til alle daglege gjeremål for brukar.

Som assistent jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen, og deltek difor i ulike aktivitetar. Du bør difor vere glad i å vere ute og like fysisk aktivitet. Brukar har katt så det vil vere ei ulempe å vere allergisk mot katt. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og du må kunne arbeide målretta i team. Det blir tilbod om fagleg oppfølging og rettleiing, i tillegg til samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
  • Bistand i daglege gjeremål for brukar
  • Tilrettelegging og motivering for daglege aktivitetar
  • Fylgje til fritidsaktivitetar
  • Jobbe ut frå gjeldande lovverk og retningsliner
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå liknande arbeid innan helse og omsorg
  • Gode evner til relasjonsbygging er viktig for denne stillinga
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
  • • God nok fysisk helse til å følge brukar på lengre sykkel- og gå turar
  • Brukar har katt så det vil vere ei ulempe å vere allergisk mot katt
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
  • God på å bygge relasjonar
  • Strukturert og tydeleg
  • Fleksibel, med gode samarbeidsevner og godt humør

Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP
  • Trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
361831618
Sist endret
22. juli 2024 01:00