Brenn du for lokal og kortreist mat? Vil du vera med på laget i ein unik kulturkafé i eit særprega landskap?

Arbeidsgiver
Hå kommune Hå gamle prestegard
Stillingstittel
Kjøkkenmedarbeider / kafévert
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hå gamle prestegard har ledig eit 10,56 % vikariat som kafévert.

Eit kafèbesøk på Hå gamle prestegard er ikkje berre ei smakssanseleg oppleving. Det er òg ei tidsreise og ei kunst og kulturoppleving. Kaféen, som ligg i hovudhuset på Hå gamle prestegard, er nytta til arrangement og utstillingar i tillegg til å ha vanleg kafédrift. Våningshuset frå 1787 ligg omkransa av driftsbygningar, eit gammalt jærhus og ein flott hage. Huset har god utsikt til havet og er i dag heimekoseleg innreia med moderne kunst, tradisjonelle jærstolar og leikerom til dei minste. Kafeen tek imot store og små grupper etter avtale, og har hovudsakeleg ope på dagtid.

Om stillinga
Som kafévert har du ansvar for å lage sesongens kafémeny, sal av mat, rydding og oppvask. Det inneber og at du er orientert om utstillingsprogrammet og kan gje informasjon om dette og grunnleggande historikk om anlegget til gjestene.

Arbeidstid er 1 helg per månad (laurdag og søndag). I helga er du ansvarleg for kaféen, og har ansvar for et team på totalt 3 personar som arbeidar turnus. Dei to andre kafévertane assisterer med matlaging, servering og sal av mat, rydding, vask og oppvask.

Det er ønskeleg at du tek ekstravakter ved behov og kan arbeide meir i ferier, ved behov for vikar og sommarsesong.

Arbeidsoppgåver
- Lage enkel kafémeny med opne smørbrød, suppe, lappar og kaker etc.
- Kundebehandling – sal av mat, informasjon
- Opne og stenge kafé og kjøkken etter faste rutinar for reinhald og sikring
- Sjå til at kaféen er presentabel og hyggeleg
- Rydding og oppvask
- Småpraktiske oppgåver i kafé og kjøkken

Me ønsker deg som
- Har arbeidserfaring med å lage mat frå botn av
- Har erfaring frå kafé, restaurant eller liknande
- Har erfaring med å delegere oppgåver på eit travelt kjøkken
- Er engasjert, ansvarleg og samarbeidsorientert
- Er interessert i lokale og sunne råvarer
- Trivest i arbeid med menneske og liker høgt tempo
- Er fleksibel og kan jobbe helger og ferier, somme kveldar
- Ønsker å bidra til ein god serveringsstad i eit eigenarta miljø og ser god mat, service og kultur som ein naturleg heilskap
- Er nøyaktig og følger reglement for god matsikkerheit
- Er serviceinnstilt

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Håvegen 347, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Annet, Produksjon
FINN-kode
362094878
Sist endret
22. juli 2024 06:17