Rådgjevar

Arbeidsgiver
Kvalitet og pasienttryggleik, Helse Førde
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du arbeide med forbetring, pasienttryggleik og andre område innanfor kvalitetsarbeid? Vi har ledig eit 100% vikariat som rådgjevar i seksjon kvalitet og pasienttryggleik

Seksjon Kvalitet og pasienttryggleik søkjer ein dyktig, verdiorientert og driftig rådgjevar. Du må evne å setje deg inn i mange ulike saker og fagområde på kort tid, og ha lett for å samarbeide med ulike kompetansemiljø og personar.

Seksjon Kvalitet og pasienttryggleik har ei tverrfagleg samansetjng med tilsette frå ulike helsefag og forvaltning, og støttar dei kliniske einingane og leiinga i føretaket på følgjande område :

  • Pasienttryggleik og forbetringsarbeid
  • Forbetringsmetodikk
  • Melding om og oppfølging av uønska hendingar
  • Læring på tvers
  • Legemiddeltryggleik
  • Styrande dokumentasjon, interne og eksterne systemrevisjonar
  • Tilsynssaker, klage frå pasient- og pårørande , og saker til Norsk pasientskadeerstatning
  • Brukarundersøkinga og brukarmedverknad
  • Kliniske fagprosedyrer og kvalitetshandbok
  • Smittevern
  • Miljø og samfunnsansvar

Seksjonen deltek og i ulike lokale, regionale og nasjonale utviklingsprosjekt

Rådgjevarstillinga vil bli involvert i ulike deler av oppgåvene seksjonen til ei kvar tid har ansvar for



Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og følgje opp ulike kvalitetsforbetringsarbeid og prosjekt i organisasjonen
  • Arbeid med uønska hendingar og læring på tvers
  • Arbeid med rutiner og prosedyreverk
  • Delta i revisjon og anna kvalitetsikringsarbeid
  • Førebu, delta i og koordinere saker til råd og utval som er knytt til pasienttryggleik og kvalitet
  • Andre oppgåver som er knytt til ansvarsområde for seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og erfaring/kompetanse innan forbetringsmetodikk og frå forbetringsarbeid
  • Relevant utdanning og erfaring/kompetanse innan rettleiing i forbetringsmetdoikk og i forbetringsteam
  • Erfaring frå/kjennskap til spesialisthelsetenesta
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse.
  • Du bør ha erfaring frå utvikling av rutiner og prosedyrer
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Utdanningsretning: Helse og sosialfag
  • Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du må ha god struktur, arbeide systematisk og få oppgåvene gjort.
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Kommunisere på ein tydeleg måte både munnleg og skriftleg
  • Vi søkjer ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kari Holvik Furevik, Seksjonsleiar Kvalitet og pasienttryggleik, +47 970 95 244

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4835605800

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 16.09.2024

Sluttdato: 14.09.2025

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
362105509
Sist endret
23. juli 2024 06:21