Hei sjukepleiar! Barstadtun vil gjerne ha deg med på laget!

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta ved Barstadtun
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Barstadtun omsorgsbustadar har eit ledig vikariat for ein autorisert sjukepleiar i perioden 01.09.24 - 31.12.25. Barstadtun er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 25 hyblar/leilegheiter fordelt på tre buenheiter. Denne seksjonen er ein del av Avdeling Heimetenester. Personalet ved Barstadtun er stasjonert på huset for å sikre tryggleik og kontinuitet for bebuarane. Stillinga har todelt turnus med dagvakter i vekedagane og nokre få kveldsvakter knytt til arbeidshelg. For tida er det tre kveldsvakter i turnusen over ein periode på seks veker. På nokre av dagvaktene går ein på topp av den ordinære bemanninga og har sjukepleiaransvar for heile huset, i samarbeid med sjukepleiarar frå Fjordsyn omsorgsbustadar

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og gjennomføring av heilheitleg pleie og oppfølging av bebuarane
  • Primærsjukepleieansvar for ei gruppe bebuarar
  • Sjå til at bebuarane har ajourført tiltaksplan i pasientjournal
  • Medverke til at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med fastlege og andre samarbeidspartar
  • Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar
  • Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø
  • Bidra til å kvalitetssikre tenestene
  • Samarbeid om sjukepleiaroppgåver på tvers av seksjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Tilsvarande norsktest nivå B2 for søkjarar som ikkje har skandinavisk morsmål)
  • Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose før oppstart i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Relevant erfaring og personleg eignaheit vil verte vektlagt i tilsetjinga
  • Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
  • Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
  • Du har fagleg fokus, er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • Du er fleksibel og liker utfordringar

Vi tilbyr

  • Sjukepleiarforum/samarbeid med sjukepleiargruppa på Fjordsyn
  • Tilgong på elæringskurs frå Visma/ Veilederen og NHI
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Spanande arbeidsoppgåver og utfordringar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Eit triveleg arbeidsmiljø saman med ein fin og inkluderande gjeng!
  • Stillingskode 7174 Sjukepleiar
  • Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar heimetenester, +47 94 14 25 15, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 4

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4839867417

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Barstadmarka 4, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
362109745
Sist endret
23. juli 2024 06:02