LIS 2/3 radiologi

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Stillingstittel
LIS radiologi
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Radiologisk avdeling, seksjon Førde har ledig fast stilling som LIS3 radiologi. Tilsetting snarast/etter avtale.

Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Eid.

Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70 000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er 20 legar.

LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Noverande arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.

Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologi

Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.



Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og pasientbehandling
  • Generell radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, ønskjeleg med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rekrutteringstillegg
  • Hjelp med bustad
  • Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
  • IA- bedrift (inkluderande arbeidslivsbedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Børge Stavland, Avdelingssjef, +47 57839393

Arbeidsstad

Svanahuagvegen 7

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4839376016

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
362118698
Sist endret
23. juli 2024 06:22