ID 902 Sjukepleiar i vikarpool

Arbeidsgiver
Fitjar Bu- Og Behandlingssenter Somatisk Avdeling
Stillingstittel
Sykepleier
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst å jobba i vikarpool i fast høg stilling innanfor helse og omsorg? Fitjar kommune er i ferd med å etablere ein vikarpool med ein stab av fast tilsette med fagutdanning, som går inn og dekker vikariat i alle einingar innanfor helse, sosial og omsorg.




Hva vi ser etter

Kvalifikasjonskrav:


  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort kl. B -- manuell gir
  • God evne til samarbeid og kommunisere
  • Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift
  • Du er sikker i utøving av faget og trivs med å arbeide ved fleire arbeidsstadar
  • Erfaring frå omsorgssektoren og bruk av elektronisk pasientjournal er eit føremon
  • Du må gjerne ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)



Arbeidsoppgaver

Tilsette i vikarpoolen er fast tilsett i kommunen, men arbeidsstaden vil variera etter behov i helse- og omsorgssektoren.


Aktuelle arbeidsplassar er m.a. institusjon, heimebaserte tenester og habilitering. Vikarpoolen skal dekkje kort- og langvarig fråvær, og så langt det lar seg gjera går ein inn i eksisterande turnusar.


Døme kan vere ved lange sjukemeldingar eller medan ein venter på ei tilsetting i vakante stillingar. Dei tilsette i vikarpoolen blir fordelt jamt til dei ulike avdelingane før planlegging av ferie og høgtid.


Me har ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Som fast vikar vil du få ulik og unik erfaring. Tidlegare erfaring frå denne type ordning viser at stillinga over tid gir gode moglegheita for overføring til andre faste stillingar om det er ynskjeleg.


Personlege eigenskapar vert vektlagt. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.




Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunal tariffavtale
  • God pensjonsorndning KLP
Sektor
Privat
Sted
Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
362144898
Sist endret
22. juli 2024 11:31