Inaktiv

Sjukepleiestudentar som pleieassistent på Gastro Kirurgen 

Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk / Avdeling for Gastrokirurgi
Stillingstittel
Sjukepleiarstudentar søkes som pleieassistent helgestilling Gastro kirurgisk avdeling
Frist
07.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.

Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet.

Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.

Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse.

Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.

Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.



Arbeidsoppgåver

  • Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
  • Pleie til palliative pasientar

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ha relevant pleieerfaring, eller vore hos oss i praksis som sjukepleiarstudent eller i praksis som helsefagarbeidar
  • Vere student med helsefagleg bakgrunn

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar
  • Sjølvstendig
  • Engasjert

Vi tilbyr deg

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukepleiefagleg rettleiing

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anette Haatuft Haugland , Seksjonsleder, 55973408

May-Britt Sudmann, Sekjsonsleder, +47 55973402, may-britt.sudmann@helse-bergen.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4840126664

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 07.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
362261653
Sist endret
24. juli 2024 05:58