66,66% stilling som reinhaldsoperatør ved Vikebygd skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Reinhald
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast stilling som Reinhaldsoperatør ved Vikebygd skule frå 01.11.2024 - stillingsstorleik 66,66%

Verksemd for Reinhald søkjer etter reinhaldsoperatør i 66,66% stilling ved Vikebygd skule frå 01.11.2024. Eit levande og hyggeleg arbeidsmiljø med born og tilsette, krever at ein er blid og omgjengelig, og fleksibel i arbeidsdagen.

Fagbrev er ønskeleg, men andre søkjarar med relevant erfaring vert vurderte. Søkjar må beherske norsk skriftleg og muntleg godt.

Arbeidsoppgåver:

  • Daglege og periodiske reinhaldsoppgåver etter instruks


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Godkjent reinhaldsoperatørutdanning
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel i arbeidskvardagen
  • Sosial og imøtekomande

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Til orientering om Offentleglova:


Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
362263417
Sist endret
24. juli 2024 06:16