Overleger ved Øyane DPS
- Arbeidsgiver
- Divisjon psykisk helsevern / Øyane distriktspsykiatriske senter
- Stillingstittel
- Overlege ved Øyane DPS
- Frist
- 07.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter dei rette kandidatane til fleire spennande stillingar ved Øyane DPS!
Det er to ledige overlegestillingar ved poliklinikkane hos oss.
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø?
Vi har spennande moglegheiter i poliklinikkane hos oss. Felles for arbeidet i seksjonane er fokus på god samhandling, fagleg utvikling og å tilby god tilpassa behandling til pasientane.
Øyane DPS består av:
- Allmenn døgnseksjon har 8 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS3.
- 2 alllmennpsykiatriske poliklinikkar, godkjend tenestestad for LIS3, som mellom anna har eige ambulant akutteam (AAT), MBT team og som har ei rekke gruppebehandlingstilbod
- Psykose døgnseksjon med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3
- Psykosepoliklikk/FACT godkjend tenestestad for LIS3
Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 52 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og det er fleire samhandlingsprosjekt under arbeid.
Vi legg stor vekt på overlegane sine eigne ønsker og vi er både lydhøyr og fleksibel, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Vi ønskjer å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønskjer og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.
Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
- Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
- Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
- Arbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
- Spesialist i psykiatri
- Norsk autorisasjon som lege
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri
- Noko erfaring frå rettleiing av LIS
Vi ser etter deg som er:
- tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr deg:
- Løn etter avtale
- Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Åse Dybdal, KlinikkdirektørArbeidssted
Blombakkane 755353 STRAUME
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse BergenReferansenr.: 4840144192
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Blombakkane 75, 5353 Straume
- Stillingsfunksjon
- Lege, Lege / Overlege, Helsepersonell
- FINN-kode
- 362269325
- Sist endret
- 24. juli 2024 06:01