Er du vår neste matentusiast?

Arbeidsgiver
Vitensenteret I Sogn Og Fjordane As
Stillingstittel
Kokk
Frist
13.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du lidenskapeleg oppteken av mat? Er du klar for ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit spennande og triveleg arbeidsmiljø?


ViteMeir -- Vitensenteret i Sogn og Fjordane as -- opna på Kaupanger i Sogndal kommune 11. november 2021. Senteret er eit besøks- og opplevingssenter for barnehagar og skular og fritidsgjestar. ViteMeir sin visjon er å inspirere til leikande læring. Den faglege profilen til vitensenteret er REINT -- Ressursar -- Energi -- Idémyldring -- Natur -- Teknologi. Dette er har me fokus på i både utstillingar, læringsopplegg og i den daglege drifta.


ViteMeir er òg ein unik møte- og arrangementsarena for næringslivet. Kafeen SmakeMeir er ein viktig del av totaltilbodet frå ViteMeir og har eit stort fokus på reduksjon av matsvinn og bruk av lokale og økologiske råvarer. SmakeMeir lagar både lunsj- og møtemat, catering og selskapsarrangement i tillegg til vanleg kafédrift. ViteMeir har om lag 15 årsverk fordelt på om lag 30 tilsette. I SmakeMeir er det i dag om lag 3 årsverk og me er på jakt etter ein nytilsett som kan vere med på å styrke det engasjerte laget vårt!


Me søkjer etter ein kokk med fagbrev eller brei erfaring frå matbransjen. Du må gjerne vere sosial, kreativ og nysgjerrig, men viktigast av alt er at du er den rette personen som vil vere med og utvikle gode matopplevingar for gjestane våre.


Du vil møte ein variert arbeidskvardag, og me kan love deg at du vil ha det både moro og utviklande på jobb. Me skal skape ei unik oppleving for gjestane våre, og me må saman ta utfordringar på strak arm. Som kokk i SmakeMeir får du òg moglegheit til å vere med på å utvikle vår SmaksLab, der me mellom anna tilbyr kurs og teambuilding.


Kva kvalifikasjonar og eigenskapar ønskjer me at du har:


Først og fremst må du like å lage mat og vere ein god lagspelar. Det er ønskjeleg at du har fagbrev eller brei erfaring frå bransjen. I tillegg må du vere:


  • Engasjert og effektiv
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Ha gode haldningar og høg arbeidsmoral
  • Ha godt humør; humoren kan gjerne vere tørr, så lenge maten ikkje er det 😊

ViteMeir tilbyr:


  • Fast stilling i 60-100%
  • Arbeidstid: primært dagtid og kvar tredje helg, kveldsarbeid berre unntaksvis
  • Interessante og faglege utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
Sektor
Privat
Sted
Skarpeteigvegen 2, 6854 Kaupanger
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Annet
FINN-kode
362273228
Sist endret
23. juli 2024 09:33