Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vikedal skule
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søkjer:

85 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar på Vikedal skule er ledig frå snarast og til og med 31.7.25.

Du vil jobbe på SFO og i hovudsak på småtrinnet.

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 170 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som brenn for dette arbeidet med på laget! Me treng deg som greier å sjå elevane på ein god måte, og som greier å skapa gode relasjonar til elevane, også dei som eventuelt utagerer med åtferd.

Kvalifikasjonar:

  • Du pratar godt norsk
  • Utdanna barne-og ungdomsarbeidar eller har annan relevant utdanning
  • Andre søkjarar med annan kompetanse kan også bli vurdert

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar. Du må kunne prate godt med små barn, men også større barn, og skapa gode relasjonar til dei barna du jobbar tettast på. Du må vera ein mild og behageleg person, men tydeleg.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
362273563
Sist endret
24. juli 2024 06:02