Postdoktor i systemteknikk eller informatikk 

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i systemteknikk eller informatikk ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Frist
15.08.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor i systemteknikk eller informatikk

Ved Det medisinske fakultet, institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på to (2) år. Stillinga er del av Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE) som er finansiert av Trond Mohn stiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), som vert leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har 15 tilsette og veks raskt med fleire nye forskarsstillingar. SEFAS har høgt fokus på innovasjon, tverrprofesjonelt samarbeid, brukarinvolvering og samarbeid med industripartnarar. SEFAS har kontor ved Alkrek helseklynge. CC.AGE har tett samarbeid med Senter for ernæring, Institutt for klinisk medisin, UiB, og Bergen Senter for etikk og prioritering av helse (BCEPS).

CC.AGE starta formelt i februar 2024 for å støtte eldre vaksne personar i å bo trygt og sjølvstendig heime, ved å utvikle og nytte ny teknologi. Denne postdoktorstillinga er nært knytt til eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og kompetanse frå komplekse helseintervensjonar hjå eldre vaksne som bur heime, og personar med komplekse tilstandar, inkludert demens og Parkinsons sjukdom. Prosjektet er forventa å gi resultat av høg klinisk relevans som kvalifiserer for publikasjonar i internasjonale anerkjende fagfellevurderte vitskapelege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karrierebygging med eit langsiktig perspektiv. Les meir om prosjektet her: https://www.uib.no/sefas.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
  • Postdoktoren skal arbeide tverrfagleg og designe nye digitale biomarkørar for å spore helsestatus og livskvalitet til eldre vaksne med komplekse sjukdommar, utføre kvantitativ dataanalyse ved bruk av avanserte analysar som signalprosessering, modellering, dynamiske system og/eller kunstig intelligens, og bidra til å utvikle dynamiske og kunnskapsdrivne intelligente modellar.
  • Postdoktoren skal bidra til å sette opp prosedyrane for datainnsamling med sensoreiningar, støtte datahandteringsprosessen, og kandidaten vil utføre analysar av kvantitative data frå sensorar med hjelp av signal-prosessering, modellering, dynamiske system og/eller kunstig intelligens.
  • Postdoktoren skal bidra til gjennomføring av studien saman med eit tverrfagleg team av klinikarar, forskarar, ingeniørar, phd-studentar, statistikarar og brukarrepresentantar.
  • Postdoktoren vil delta aktivt i rettleiingsprosessen av phd-studentar som hovud- eller birettleiar.
  • Postdoktoren skal aktivt inkluderast i SEFAS sitt nasjonale og internasjonale samarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk, systemteknikk, kybernetikk, anvend matematikk eller annan relevant grad på same nivå, og søkjar må i tillegg ha ei spesialisering i bioinformatikk, maskinlæring/kunstig intelligens, simulering/visualisering, dynamiske system eller signalprosessering/reknevitskap, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Søkjar må ha gode evner innan programmering, god generell kunnskap om algoritmar og numeriske metodar, og minimum basiskunnskap om signalprosessering og modellering av dynamiske system.
  • Erfaring frå eller formell opplæring innan analyse og behandling av store datasett, signalbehandling eller programmering vil bli vektlagt (relevante program inkluderer til dømes: Matlab, Python, R).
  • Tidlegare erfaring frå arbeid med eldre vaksne i heimeteneste, sjukeheim eller sjukehus er ein føremon.
  • Tidlegare erfaring frå arbeid med sensorteknologi er ein føremon.
  • Svært gode språkkunnskapar i engelsk munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vurderast som positivt.
  • Søkjarar som oppfyller krava til stillinga vil bli rangert etter styrke innanfor sine respektive felt i forhold til relevansen av deira kompetanse mot SEFAS’ noverande behov, strategiske mål og prioriterte område for framtidig utvikling.
  • Personlege eigenskapar som vert vektlagt i vurderinga av søkjarane er mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samarbeid med andre, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking.
  • I rangeringa av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som stillinga krev.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 2 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66). Løn er under justering.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Monica Patrascu; monica.patrascu@uib.no; tlf. +47 55 58 85 01.

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
FINN-kode
362292363
Sist endret
23. juli 2024 11:39