Avdelingssjef

Arbeidsgiver
Kreftavdelinga, Helse Førde
Stillingstittel
Avdelingssjef
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig stilling som avdelingssjef i kreftavdelinga i Helse Førde.

Avdelinga er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk. Avdelinga har eit stort spenn i aktiviteten med drift av sengepost, poliklinikk og dageining for kreftbehandling i Førde, ambulerande team og forsking-/studieverksemd. Ein samarbeider tett med lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjord slik at kreftpasientar også kan få behandling ved infusjonspoliklinikkane der. Avdelinga dekkjer 3 fagområder: Kreftsjukdomar (onkologi), blodsjukdomar (hematologi) og lindrande behandling (palliasjon). Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med om lag 80 tilsette.

Kreftområdet er i ei rivande og spennande utvikling, og mange pasientar har fleire behandlingsalternativ no enn for berre få år sidan. Aktiviteten aukar, og dette inneber at kreftavdelinga både planlegg for utviding av kapasitet, men også deltek i fleire ulike utviklings- og forbetringsprosjekt. Forsking er ei prioritert oppgåve.

Fagfolk og leiarar i kreftavdelinga samarbeider med øvrige avdelingar i helseføretaket, dei andre kreftavdelingane i Helse Vest, Sjukehusapoteket og primærhelsetenesta.

Kreftavdelinga er del av Nye Førde sjukehus, og vi gler oss til at sengeposten får flytte til eit nytt og moderne sjukehusbygg hausten 2024.



Arbeidsoppgåver

  • Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal og er medlem av medisinsk klinikk si leiargruppe. Direktør i medisinsk klinikk er næraste overordna. Avdelingssjef samarbeider tett med seksjonsleiarane i avdelinga.
  • Helse Førde er eit foretak i omstilling og deltaking/bidrag i utviklingsarbeidet er ein sentral del av arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer søkjar med helsefagleg bakgrunn og utdanning innan organisasjon og leiing
  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
  • Anna leiarkompetanse eller -leiarerfaring frå komplekse organisasjonar kan vege opp for formell kompetanse
  • Avdelingssjefen må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon for leiaroppgåva
  • Strukturert, resultatorientert og beslutningsdyktig. Evne til å tenke heilskap
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Initiativrik og engasjert
  • Endringsvilje
  • Evne til teamarbeid

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande stilling i samspel med mange engasjerte og dyktige kolleger

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Monika Staberg Sunde, Kst. avdelingssjef/seksjonsleiar kreft poliklinikk, 959 49 287, monika.staberg.sunde@helse-forde.no

Trine Hunskår Vingsnes, Direktør Medisinsk klinikk, 900 10 462, trine.hunskar.vingsnes@helse-forde.no

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4840145981

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
362302263
Sist endret
24. juli 2024 06:29