Ledig fast stilling og vikariat som lege i spesialisering i radiologi
- Arbeidsgiver
- Radiologisk avdeling
- Stillingstittel
- Ledig fast stilling og vikariat som lege i spesialisering i radiologi
- Frist
- 25.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ein ledig fast stilling og to ledige vikariat som lege i spesialisering i radiologi, med varigheit 6-12 månader. Moglegheiter for forlenging Oppstart etter avtale.
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter for nukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar og 6 CT-maskinar. Vi nyttar SectraPACS og RIS. Det er til ein kvar tid tilknytta Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid. Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:
Seksjon for Barneradiologi
Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
Seksjon for Thoraxradiologi
Seksjon for Mammaradiologi og screening
Seksjon for Nevroradiologi
Seksjon for Ortopedisk radiologi
LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten.
Vi anbefaler LIS1 som snart er ferdige om også å søke. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
- Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
- Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
- Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
- Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
- Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
- Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Eric Alexander Resnes, Overlege, +47 55970907Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4840403036
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege / Overlege, Lege
- FINN-kode
- 362438307
- Sist endret
- 16. aug. 2024 04:50