Inaktiv

Tiltakskonsulent

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogn barnevern
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Sogn barnevern er det ledig fast 100% stilling som tiltakskonsulent i tiltaksteamet.

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Tenesta har i dag omlag 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.

Dette får du arbeide med hos oss:

  • Tiltaksarbeid i familiar – rettleiing og oppfølging i heim og på kontor
  • Du vil få eit tett samarbeid med barn/ungdom, foreldre, skule, barnehage, BUP mfl..
  • Du jobbe etter mandat frå barnevernet.
  • Du får jobbe med tilsynsoppfølging
  • Du får delta i kvalitetsutvikling i tenesta
  • Dokumentere arbeidet etter gitte føringar i fagsystemet Visma

Kva slags bakgrunn har du ?

  • Minimum kompetanse tilsvarande 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som barnevernspedagog, sosionom, eller annan relevant utdanning.
  • Barnevernstenesta er ein arbeidsplass som er opptatt av fagleg utvikling, og me har eit mål om å nå kompetansekravet. Det er ynskjeleg med master / vidareutdanningar jamfør framtidig lovkrav. Det er ynskjeleg med master / vidareutdanningar jamfør framtidig lovkrav.
  • Førarkort klasse B
  • Ynskje om erfaring frå kommunalt barnevern eller tilgrensande tenester.
  • Det er ynskjeleg med god kunnskap om borns utvikling, traumer og konsekvensar av desse.
  • Det er ynskjeleg med kompetanse på rettleiing, og ulike rettleiingsmetodar som t.d. PMTO, COS- P.


Kva ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • Har gode sosiale eigenskapar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Har evne til å samarbeide i team og forstå betydninga av bidraget ditt i teamet
  • Har ei positiv innstilling og evne til å sjå løysingar
  • Toler å stå i utfordringar over tid med varierte oppgåver
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Har evne til fleksibilitet og omstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Spesielle vilkår for stillinga:

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta.


Kva kan me tilby?

  • Eit inkluderande, støttande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan søknadsfristen 11.august og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Sosionom, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
362668136
Sist endret
26. juli 2024 12:49