Overlege med spesialisering

Arbeidsgiver
Spesialisert habilitering Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege med spesialisering
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter to dyktige og engasjerte legar/overlegar til Spesialisert habilitering Sunnmøre i 2x100 % stilling. Det er ønskeleg med spesialisering innan psykiatri, nevrologi, fysikalskmedisin og allmennlege.

Spesialisert habilitering Sunnmøre er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri (Akutt psykisk helse, lokal sikkerheitspsykiatri, utgreiing og behandling psykisk helse og Alderspsykiatri). Det ligg ikkje vaktoppgåver til stillinga og arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00, med fleksitidsordning. Det kan eventuelt vere moglegheit for å delta i vaktordning på avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, om ønskeleg.

Seksjonen gir tilbod til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Døme på tilstandar: tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologisk skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Arbeidet er variert, utfordrande og spanande, og du får tid til å arbeide systematisk med samansette problemstillingar.

Spesialisert habilitering har eit godt tverrprofesjonelt miljø som samarbeidar om tverrfagleg utredning, veiledning og oppfølging. Seksjonen har totalt 15 årsverk- fordelt på psykologspesialistar, vernepleiar, fysioterapeut, barnevernspedagog, sosionom, spesialpedagog og sekretær.
Alle tilsette har relevant vidareutdanning eller spesialisering innan fagfeltet.

Arbeidsforma vår er ambulant og poliklinisk, vi jobbar i tverrprofesjonale team ut fra pasient og kommunalt behov. Vårt geografiske område er flotte Sunnmøre. Seksjonen disponerer eigne bilar til ambulant arbeid.

Vi legg opp til at du skal ha gode moglegheiter til å knytte deg til kollega innan habilitering i regionen og nasjonalt. Det er gode samarbeidsforhold i helseføretaket mellom ulike spesialistar innan psykiatri, nevrologi og fysikalskmedisin. Det vil vere rom for vidareutvikling, fagleg fordjuping og høve til forskning/prosjektarbeid retta mot målgruppa.

Vi er lokalisert i flotte moderne lokaler ved Ålesund Sykehus, 15 min frå Ålesund lufthamn, Vigra.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

Diagnostikk og utreding, behandling, hablitering og langtidsoppfølging av pasienter

Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver til pasient, pårørende og personalgrupper i kommunene. Rådgjevande funksjon til medisinskfaglege problemstillingar knytt til pasientar, pårørande og primærhelsetenesta vedrørande f.eks:

  • Komorbide tilstandar
  • Adferdsproblematikk
  • Nevroutviklingsforstyrrelsar
  • Nevromuskulære, nevromotoriske og genetiske tilstandar

Bidra med medisinskfaglig drøfting internt i tverrfagleg behandlingsteam.

Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver til personalgrupper i kommunene.

Bidra i rettighetsvurdering i henvisningsmottak.

Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid.

Delta og bidra inn mot nettverks- og kompetansebygging lokalt og nasjonalt.

Kvalifikasjonar

  • Lege med relevant spesialisering
  • Det er ønskelig med kompetanse innan;
    -utredning av etiologi, utredning og behandling av tilleggsdiagnoser,
    -juridisk, organisatorisk, tverrfaglig sammarbeidskompetanse
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Må ha førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er god på teamarbeid og har evner til å samarbeid med kollega, pasientar, pårørande og nettverk
  • Du er engasjert i pasientgruppa, trivast med å oppdatere deg fagleg og samarbeide om varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Du kan raskt sette deg inn i nye arbeidsoppgåver og metodar
  • Du meistrar å skape trygge relasjonar og kan kommunisere med vaksne menneske med kognitive funksjonsnedsettingar
  • Du veit når du skal søke annan kompetanse, og rettleiing frå kollega
  • Du trivast med rettleiing og undervisning
  • Å være personlig eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Varierande spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Rom til fagleg fordjupning
  • God og fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Anne Jensen, Seksjonsleder, +47 48090563, anne.jensen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4839147609

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Psykiater
FINN-kode
362716507
Sist endret
29. juli 2024 09:48